BYGDEBORGER                                                                                                                                     Siden er laget av: Sola Historielag
(kopiert fra et skoleopplegg utarbeidet av Arkeologisk Museum i Stavanger for skolene i Sola 1976/77)
 
Tilbake til første siden



Generelt

Bygdeborger kjenner ein frå heile Sør-Noreg og så langt nordover som til Harstad i Troms. I alt har musea kjennskap til ca. 300 borganlegg. Liknande forsvarsverk er også kjende i nabolanda våre.

Sams for bygdeborgene er at dei ligg på stader som frå naturen si side er vanskeleg tilgjengeleg. Slik vert dei lette å forsvare. Dei er plasserte på høgder, knausar eller berg. Sume ligg ved viktige ferdslevegar, andre på holmar eller øyar i vatn. Frå toppen av borga har det vore godt utsyn. Der dei naturlege hindringane ikkje var gode nok for å stengje ute uvedkommande, vart det bygd opp murar eller forsvarsvollar. Desse hjelper oss i dag til å finne att bygdeborgene.

Alle er samde om at desse fortidsminna er forsvarsanlegg, nytta i urolege tider. Då er det vanskelegare å gje svar på desse spørsmåla: kven brukte bygdeborgene, kvifor vart dei nytta og når var dei i bruk?

Sume meiner dei var tilfluktsstadar for store gardar eller i nærleiken. Både dyr og menneske, gamle og unge kunne såleis samlast når faren trua. Ei anna tolking er at militære heldt til her, og at høgdene tente som utkikspostar der ein brende varder. Sume trur at bygdeborgane er eit resultat av strid bygdelag imellom, andre at nærliggjande borger kan utgjera samla forsvarsanlegg mot fiendar som kom utanfrå lokalområdet. Såleis kan dei ha vore lekkar i det militare systemet i eit smårike.

Vi er på usikker grunn når vi skal fortelje kor gamle bygdeborgene er. Berre 4-6 av alle dei ca. 300 bygdeborgene i Noreg er undersøkte. Det har vist seg at desse i det vesentlege har gitt funn frå folkevandringstida (400-600 e. Kr.). Keramikkskar viser at kokekar og anna husgeråd har vore i bruk. Dyrebein av ku og sau viser kva mat som vart ete. Spinnehjul fortel at det også vart drive handverk her.

Rogaland

Rogaland er eitt av dei fylka som har flest bygdeborger, i alt kjenner ein 46 stykke fordelte over store område. Det viser seg at det etter måten er få borger i Nord-Rogaland. På øyane og kysten i Ryfylke er dei derimot talrike. Slik er det også på Nord-Jæren. Lenger sør på Jæren manglar dei. Dette har nok si naturlege forklaring i at her vantar stader der det var naturleg å byggje forsvarsanlegg. Lengst sør i Rogaland ligg på nytt borgene tett.

Ofte finn vi eit flatt område på toppen av borga. Dette blir verna av bratte bergsider, forsvarsvollar og murar. Her i Rogaland er desse murane i dag mellom 0,5 og 3 m høge. Men mykje stein har nok rasa ned eller blitt fjerna gjennom tidene. I sume høve har det nok vore ein forsvarsvegg av tre på toppen av muren. Stundom finst fleire rekkjer med murar. Inne på det flate borgområdet kan ein i visse høve finne restar etter hus. Steinrekkjer kan fortelje oss litt om korleis desse husa har sett ut og kor store dei har vore. T.d. finn ein slike tufter på Sørnes (Saurneset) ved Hafrsfjord i Sola.

Om ein leitar godt, kan ein ofte finne restar etter ein brunn innanfor murane. Om fienden kringsette borga i lengre tid, var det viktig å ha vatn.

Ingen av bygdeborgene i Rogaland er grundig undersøke, difor har vi ikkje daterbare funn. Truleg er det likevel at dei også her Rogaland skriv seg frå perioden 400-600 e.Kr., kalla folkevandringstid. Ute i Europa var det mykje uro på denne tid, store folkegrupper vandra ikring og fann seg nytt land. Kanskje skapte dette ringar i vatnet heilt opp til oss. Folkevandringstida er ei ekspansjonstid i Rogaland. Mange utkantgardar vert no tekne i bruk. Dette viser at det kan ha vorte trangt om plassen. Gravfunn og skattefunn viser at det er ein rik periode. Dei døde har ofte fått med seg kostelege gravgaver. Gullfunn er talrike, både i graver og som nedgravde skattar.

Den største bygdeborga i Rogaland heiter Storaberget og ligg nordaust for Lutsivatnet i Sandnes kommune, på toppen av av eit 300 m høgt fjell.

Av utbreiingskart kan vi sjå at bygdeborgene på Nord-jæren samlar seg kring viktige innfartsårar til Sør-Rogaland nordfrå. Hafrsfjord, Gandsfjorden og Høgsfjord strekkjer seg sørover og deler landet i halvøyer. Borgene ligg ved innseglinga til fjordane og i fjordbotnane, på nes og eid der utsynet er vidt. "Berget" i Sola kontrollerer vegen langs Tanangerhalvøya. Ytraberget og Jåttanuten ligg på kvar si side av rota til Stavangerhalvøya.

Mellom mange av toppane der det ligg bygdeborger, er det fri sikt. Ved hjelp av varslingsystem kunne ein halde kontakt.

Bygdeborga på berget

Borga på Haga er lagd på ein liten avrunda knaus som vert kalla Berget. Dette ligg om lag midt mellom Risavika og Hafrsfjord. Berget er berre 30-40 meter høgt, men har bratte skråningar opp på alle kantar. På vestsida er det lettast å klatre opp. Der finn vi ein lav voll av jord og stein langs ein avsats. På grunn av lyng og buskfuru er det stykkevis vanskeleg å følgje, men han må vere minst 50 meter lang. Borgområdet, eller toppen av Berget, dekkjer eit område på ca. 75 x 50 meter.
 
Skisse av bygdeborg på Ytraberget
Bygdeborgen på Haga
Skisse av bydeborga på Ytraberget Borga på Haga

Dei næraste borgene ikring er Risnes på Nord-Sunde. Ytraberget på austside av Hafrsfjord og Myklaberget på Røyneberg.

Bygdeborga på Ytraberget

Borga ligg på garden Sørnes (Saurnes), på ei halvøy som stikk ut i Hafrsfjord. Ytterste tannen vert kalla Ytraberget.

I jernalderen og tidlegare har nok Ytraberget vore ein holme. Eidet mellom dei to delene av halvøya ligg berre vel 1 meter over havet. Endå så seint som i vikingtid må vi rekne med at vatnet sto over her. Ytraberget er ganske høgt og avrunda. Sidene er bratte, men på toppen er eit romslea platå.

Korleis kan vi så vite at det har vore ei borg her i forhistorisk tid?

Vi må ikkje tenke på ei borg slik vi kjenner dei frå mellomalderen, med tårn og tak. Dette var meir eit beskytta tilfluktsrom, verna av menneskebygde murar og naturen sjølv. Ordet borg har truleg samband med ordet å berga.

Og restar etter murar finn vi her. På nord og vestsida er Ytrabereet frå naturen si side ganske utilgengeleg, men langs vestsida, som, vender mot sjøen, går ein samanhengane forsvarsmur, og ved søre enden av denne er ei hustuft, 8,5 x 11 meter stor.

Mot sør og aust der det er slakare fall, finn vi også restar etter steinmurar. Muren på austsida kunne tidligare påvisas i ei lengd av 17,5 meter. På flata like innanfor den søre enden av muren ligg restane etter ei hustuft som har vore ca. 11,5m lang og 6 meter brei.

Ikkje langt herifrå ligg og restar etter ei anna hustuft som er litt mindre. Vi nå rekne med at det som no ligg att, berre er restar etler murane som ein gong var. I den tida borga var i bruk, kunne dei nok ha vore meir enn mannshøge.

Kvifor var denne plassen veleigna som forsvarsanlegg? For det første er det naturen sjølv som legg tilhøva godt til rette. Hadde ein først kome seg

innanfor murane, sat ein trygt her. Det er godt utsvn i alle retninger. I den tida Ytraberget var ein holme ville det vere vanskeleg å angripe frå landsida. Å ta seg opp frå sjøen var nok inga lett oppgåve når fienden vart nøtt av pilregn og steinkast. Arkeologane har ikkje undersøkt plassen så nøye.

For 15-16 år sidan vart det tekne nokre såkalla prøvestikk, både inne i hustuftene og kring på platået. Det vil sei at ein arkeolog stakk ut firkanta torver som vart tekne opp og undersøkt. Ingen stader vart det gjort funn eller oppdaga spor etter menneskeleg verksemd. Men tuftene verkar gamle og kan gjerne vere frå tida då borga var i bruk.

Det er vanskeleg å gjere funn på bygdeborgene. Dette kan vere fordi menneska ikkje var her så lenge om gongen, og difor ikkje let etter seg så mange ting.
Likevel trur vi at denne borga kan ha vore i bruk i folkevandringstid (400-600 e.Kr.). Dette synest ha vore ein uroleg tidbolk, då folk hadde bruk for forsvarsanlegg. Kven har nytta borg på Ytraberget? Her kan det berre bli gissingar. Men det verkar rimeleg at dette var tilfluktsstad for dei nærmaste gardane ikring.

Når du står på Ytraberget, kan du sjå deg ikring, og sjå på kartet som viser kvar dei andre bygdeborgene i nærleiken låg. Fleire av desse kan vi sjå frå Ytraberget. Den nærmaste er Myklaberget som ikkje ligg så langt unna. Her finst det knapt restar igjen som viser at knausen ein gong vart nytta som forsvarsanlegg.

Ein kan lure på kvifor dei to ligg så nær kvarandre dersom dei var i bruk samstundes. Kanskje var forklaringa at den eine skulle ta seg av dei som angreip frå land , medan den andre skulle halde kontrollen med fiendar som kom sjøvegen.

Det finst mange bygdeborger som er større enn Ytraberget, men denne lokaliteten er likevel den mest kjende i Rogaland. Forklaringa er at Ytraberget truleg er omtala i sagalitteraturen i samband med den endelege striden om Noregs samling. Vi skal sitere kva Snorre seier: "De tiender spurtes fra sør i lande, at Horder og Ryger, Egder og Teler samlet seg og bød ut både skip, våpen og hærmenn. Opphavsmennene var kongen Hordaland, Eirik, kongen i Rogaland, Sulke og hans bror Sote Jarl, kongen i Agder, Kjotve den rike og hans sønn Tore Haklang, fra Telemarken var to brødre Roald Rygg og Hadd den Harde. Men da kong Harald fikk disse tidender å vite , dro han hær sammen, skjøt skip på vannet, gjorde siden sin hær rede og drog sørover landet. Han hadde mange menn fra hvert fylke. Men da han kom forbi Stadt, fikk kong Eirik det å vite. Han hadde da også samlet den hæren som han kunne vente, og fòr da sørover for å møte dem som han visste skulle komme østfra til hans støtte. Hele hæren møttes da nord for Jæren og la inn til Hafrsfjord. Der lå da allerede kong Harald med sin hær. Nå ble det straks en stor strid, både hard og lang, men enden ble at kong Harald fikk seier. Og der falt Eirik og kong Sulke og hans bror Sote Jarl. Tore Haklang hadde lagt sitt skip mot kong Haralds skip. Og Tore var en stor berserk; der ble det en hard kamd innen Tore Haklang falt, da var hele hans skip ryddet. Da flydde Kjotve til en holme der det var en stor borg og siden flyktet alle deres menn, noen på skip, noen løp på land og derpå de øvre veiene sørover Jæren.

Hafrsfjordkvadet mener at kong Kjotve søkte tilflukt på ein holme: Her er heile den dramatiske skildringa:
 
Hørte du i Havsfjord 
hvor hardt de sloss der, 
storættet konge 
og Kjotve den rike. 
Knarrer kom østfra 
lystne på kappleik, 
med gapende kjefter 
og krot på stavnen. 
De var lastet med hærmenn,
og hvite skjold, 
med vestrøne lanser 
og velske sverd. 
Berserker remjet 
der striden raste, 
ulvhedner ulte 
og jernvåpen skalv. 
De fristet den framdjerve, 
han lærte dem flykte, 
østmenns storkonge som bor på Utstein. 
Da strid var i vente 
snudde han havhestene; 
på skjold det hamret før Haklang falt.
Lei av å verge 
landet for Luva 
den halsdigre kongen 
tok holmen til skjold; 
de drog seg under setene, 
de som var såret, 
satte stjerten til værs, 
stakk hodet. i kjølen. 
På baken lot de blinke 
det blanke skjoldtak, 
de tenksomme segger 
da steinene slo dem; 
austkylvene aste 
avsted over Jæren 
Hjem fra Havsfjord 
husket på mjøddrikken."
Den befesta holmen kan vanskeleg vere anna enn Ytraberget. Truleg har sjølve slaget stått like utanfor her.

Då Kjotve og mennene hans ikkje lenger greidde å halde stand mot Harald og mennene hans, søkte dei tilflukt på bygdeborga. Om den var vedlikehalden og i bruk i vikingtida veit vi ikkje. Ved slaget i Hafrsfjord kan den ha lege brakk i fleire hundreår, enda, om det var velkjent kva dette hadde vore.
 
 
Tilbake til historiske steder i Sola