Gravhaugar
(kopiert fra et skoleopplegg utarbeidet av Arkeologisk Museum i Stavanger for skolene i Sola 1976/77)
Siden er laget av:Sola Historielag


Generelt

I dag blir våre døde gravlagde på kyrkjegardar der alle får graver som ser om lag likeeins ut. Vi vitjar stundom gravene, plantar blomar og minnest den døde. Dette er ein kristen skikk.Men også i tida før kristendommen kom til landet vårt vart døde menneske gravlagde med omtanke og pietetskjensle. Ofte vart det bygd ein haug over den døde slik at den for all ettertid skulle stå som eit minnesmerke.

Først når menneska vart meir bofaste - levde som bønder vart det vanleg å leggje mykje arbeid i gravminnet over ein kjær som gjekk bort. Trua på at det fanst eit liv etter dette, må ha vore levande også i førkristen tid. Omtanken den døde vart vist gjennom gravseremonien og gåvene ho eller han fekk med i grava, kunne ha sin verknad i livet etter dette, trudde folk. Gravhaugar har vi frå alle yngre periodane i forhistorisk tid, frå bronsealder og fram til vikingtid. Dei er svært viktige for arkeologane. Inga anna gruppe av fornminne har gitt så mange opplysningar om livet i førhistorisk tid. Fordi folk trudde på eit liv etter dette, var det vanleg at den døde fekk med seg gåver i grava. Det kunne vere prydsaker eller bruksgjenstandar, våpen og klesdrakt. Slik avspeglar folk sitt daglegliv seg i gravene

Vidare fortel gravhaugane oss om tru og tanke hos forfedrene vare. Desse avspeglar seg i måten den døde har blitt behandla på. Og gravskikken skifter mykje gjennom tidene sjølv om gravhaugen i ulik form held seg ved lag.

Stundom ligg ein gravhaug åleine, andre gonger ligg nokre graver saman. Dessutan kan dei vere samla i store felt med over hundrede graver. Ikkje alle døde vart lagde i haug. Ofte finn vi også graver under flat mark. Desse er vanskelegare å finne, men stundom ligg dei nær gravhaugane.
 

Sothaug på Jåsund hvor Snorre trodde at Sote Jarl er gravlagt
Sothaug på Jåsund, engang Jærens største bronsealdergrav
Store Melhaug mellom Sola Skole og flyplassen
Store Melhaug
Den restaurete haugen på Ræge med to åpne gravkammer
Rægehaugen, Norges rikeste bronsealder gravfunn
Rogaland

Over heile Rogaland finst mange gravhaugar, store og små. Men for nokre år sidan var det endå mange fleire. Den moderne utviklinga med nybygging og nydyrking har fare hardt fram mot gravhaugane. Det er difor viktig at vi tek godt vare på dei som finst att.

Dei eldste store gravhaugane i Rogaland er frå bronsealderen, og kan vere over 3000 år gamle. Dei er særleg talrike på flat-Jæren og på Karmøy. Men dei finst også på mange øyar og ned i Ryfylke.Sams for desse prakthaugane er at dei ligg på stader der dei var lett synlege, på høgder i terrenget, på nes og holmar der båtane drog framom.

Neste gong du reiser kring på Jæren, sjå deg godt kring og du vil sjå at det mange stader finst haugar på høydedraga i horisontlinja. Mange av desse kan vere gravhaugar frå bronsealderen og seinare.
 
Garvhaug på Haga
Gravhaug på Haga
Gravhaug på Haga
Den samme haugen fra annen vinkel

 
Tilbake til historiske steder i Sola
Tilbake til forrige side