Heller frå steinalderen
(kopiert fra et skoleopplegg utarbeidet av Arkeologisk Museum i Stavanger for skolene i Sola 1976/77)
Siden er laget av:Sola Historielag


Steinalderen i Noreg varer svært lang tid - om lag 7 gonger så lenge som tida frå slaget i Hafrsfjord og fram til i dag. Det skjer store endringar i naturen i løpet av denne tida, både når det gjeld forholdet mellom land og sjø, og når det gjeld vekst- og dyreliv på landjorda. Men menneska sin levemåte utviklar seg ganske sakte. Det meste vi veit om menneska som levde i steinalderen kan vi slutte oss til utifrå funn på boplassane deira. Graver frå steinalderen er svært sjeldne i landet vårt.

Dei fleste boplassane ligg under open himmel, opne boplassar kallar vi dei. Folk kan i sume høve ha bodd i telt eller andre enkle konstruksjonar av tre og torv. Dessutan har steinaldermennesket halde til i holer og hellerar, men desse var stundom i bruk mykje seinare også, heilt fram til vikingtid. På dei opne boplassane kan vi finne store mengder reiskap og avfall- av stein. Sjeldnare finst restar etter keramikkar. I hellerane er det ofte bevart funn av såkalla organisk materiale, horn og bein. Tre har sikkert vore eit viktig råstoff, men dette forsvinn raskt i jorda. Når vi finn beinrestane folk har kasta frå seg på golvet, forstår vi kva slags dyr og fiskar dei har fanga og ete.

Rogaland

I Rogaland har vi flest boplassfunn frå yngre steinalder tida 3000-1500 f.Kr. Desse viser at folk bodde både på opne boplassar og i holer eller under hellerar. Dersom vi vil forstå korleis folk valde ut boplassane sine, må vi hugse på at Rogaland såg heilt onnorleis ut enn i dagog at sjøen stod høgare enn idag.

Vi ser at Jæren på denne tida var prega av grunne fjordar, holmar og sund. Dei store boplassane låg for ein stor del heilt nær stranda, gjerne ved trange sund, eller nær store elveutløp. Noko som ikkje kjem med på dette kartet, er at det også finst fleire boplassar ved større vatn inne på Høg-Jæren. Vi må også hugse, på at fjordlandskapet og øyane var tilvaksne med tett skog, mest varmekjær lauvskog. Og i skogen levde mange slags dyr, også slike som no ikke lenger finst i Rogaland, t.d. villsvin, ilder, elg, hjort, bjørn, gaupe og villkatt. Klimaet må ha vore mvkje varmare enn i dag.

Enno kan vi finne merke i landskapet som viser at sjøen ein gong har stått mykje høgre enn i dag. Vi ser det t.d. av strandmerke i ein utvaska grusbakke - eller rullesteinsvollar som nå ligg langt frå sjøen. Under grøfting og dyrkingsarbeid kan ein treffe på lag med skjellsand, høgt over dagene sjønivå.

Saman med bein av ville dyr kan ein i boplasslaget stundom finne tamdyrbein av ku, sau og geit. Desse dyra har truleg kome til Jæren alt så tidleg som i byrjinga av yngre steinalder. Men prov på at folk var bønder i den forstand at dei dvrka korn, finn vi først ca. 1000 år seinare. Fangstfolka kunne truleg ta opp skikken med husdyrhald utan å endre sin tilvande levemåte for mykje. Vi trur at dei ofte flytta frå stad til stad, etter årstider og fangstforhold. Tamdyra kunne dei ta ned seg, men åke bruket ville ha tvinga dei til å bli meir bufaste.

Helleren på Haga

På Jæren har vi fleire kjende holer og hellerar med boplassar som er blitt undersøkt av arkeologar. Funna viser at folk har hatt tilhald her gjennom tusenvis av år, både i steinalder og i jernalder.

Helleren på Haga er ennå ikkje undersøkt, men han ligg svært lagleg til i eit område som gjev eit godt inntrykk av korleis folk kan ha budd i steinalderen. Det er rimeleg å tru at her kan vere funn av liknande art som dei vi kjenner frå Vistehola i Randaberg eller frå Tjorahelleren i Sola. Tjorahelleren låg på sørsida av Risavika, der det no er bygd Shellraffineri.

Helleren på Haga vender mot søraust. Om vi tenkjer oss ein skjermvegg av skinn eller tre sett utifrå steinveggen, kan plassen ha vore ein lagleg tilhaldstad som gav ly for vind oq vér. om folk har bodd her tidleg i yngre steinalder, må landskapet ha sett noko annleis ut enn i dag. Havet i dette området sto den gongen 9-10 m høgre. Tanangerhalvøya var ei øy, så folk trong båt for å kome inn til fastlandet. Kanskje gjekk vatnet over den flate enga nedanfor helleren, slik at den skogkledde åsen ute på neset var ei øy. I så tilfelle ville ein få sterk tidevasstraum nedanfor helleren, noko som gjer vatnet rikt på surstoff som plankton og deretter fisken kan gjere seg nvtte av. Såleis vil staden vere ein svært god fangstplass. Forutan fisk, levde det i steinalderen mykje grønnlandssel langs kysten. Sjøfugl var her også rikeleg av, dei gav egg og kjøt. Skjell og sneglar kunne sankast i fjæra.

Rundt ikring helleren og ute på neset ser vi i dag tett lauvskog. Slik eikeblandingsskog trur vi har vakse tett over det meste av Jæren i yngre steinalder. Her levde difor villsvin,, hjort, rev, hare bjørn og elg for å nemne nokre. Og menneska dreiv jakt og fekk såleis næringsrik mat, og i skogen kunne dei sanke nøtter, bær, sopp og røter.
 
Tilbake til historiske steder i Sola
Tilbake til forrige side