Helleristningar
(kopiert fra et skoleopplegg utarbeidet av Arkeologisk Museum i Stavanger for skolene i Sola 1976/77)
Siden er laget av:Sola Historielag


Kring i Noreg og i Norden elles kjenner vi ei gruppe fortidsminne som vert kalla helleristningar. I landet vårt er slike oppdaga på fleire hundre stader, og felta inneheld mange tusen figurar.Helleristningane vert også kalla bergkunst. Som regel er bilda slipte, rista eller hogde inn på fast berg. Sjeldnare finn vi tilsvarande framstillingar på lause heller eller gravheller.Helleristningane vart kanskje framstilte i samband med religiøse festar, og figurane vart truleg tillagde magisk kraft.

Grovt sett blir helleristningane i Noreg delte i to hovudgrupper Det er for det første veideristningane som i det vesentlege syne ha vorte laga i steinalderen. Så er det jordbruksristn-ingane som vert daterte til bronsealder.
Første gruppa, veideristningane er laga av folk som levde av jakt cg sanking av ville plantar. Det er ville dyr, matviltet, som oftast vert framstilt. Slik speglar dei av livet i skogen, på fjelllet og ved havet. Vi finn dei i område der det kan ha vor godt jaktterreng.
Den andre gruppa høyrer heime i eit jordbrukssamfunn. Her er bilete frå bondens forestillingsverd det sentrale. Likevel førte ikkje figurane oss direkte så mykje om jordbruket. Svært ofte er dette symbol for dei kreftene jordbrukarane trudde kunne råde for grøda.

Veidekunsten har sitt sentrale utbreiingsområde i dei nordlege delene av landet vart. Jordbruksristningane er helst å finne i gode jordbruksstrok i Sør-Noreg.

Helleristningar i Rogaland

I Rogaland kjenner vi nesten berre helleristningar av den såkalla jordbrukstypen. Til gjengjeld finst mange slike. På Nord-jæren og dei sørlegaste øyane i Ryfylke er over 50 helleristningsfelt kjende. Kvifor ein finn ei slik avgrensing er vanskeleg å sei. Men i dei nemnde områda finst i alle høve passande berg å riste på.Svært ofte ligg helleristningane på bergflater som vender mot sør. Ofte ligg dei nær godt jordbruksland.

I dag er dei fleste figurane oppteikna med raud eller kvit måling for å bli lett synlege. I nokre få tilfelle har ein funne teikn som tyder på at ristningane var måla også den gongen dei var i bruk - kanskje var det jordfargar som vart nytta.

På helleristningane i Rogaland er mange forskjellige motiv framstilte: båtar eller skip, sirklar, spiralar, fotsålar, handavtrykk, dyr, menneske og geometriske figurar. Vanlegast er skipet, over 80% av alle figurane i Rogaland er skip.Truleg er helleristningsfelta heilage lokalitetar der folk samlast til religiøse tilstelningar. Berre sjeldan er det gjort andre funn i nærleiken av felta. Men på ei myr nedanfor eit stort biletfelt på Revheim ved Hafrsfjord er to store bronselurar funne. Truleg har dei vorte ofra. Lurane kan ha vore i bruk i religiøse opptog e.l.

HELLERISTNINGANE PÅ KRÅKHAUG, HELLELAND I SOLA

Feltet på Kråkhaug, på eigedomen til Oskar Helleland, ligg ca. 250 meter sørvest for husa på bruket. Figurane er hogde inn på ein ganske steil fjellvegg som er nesten 10 meter lang og 1-1,5 m høg. Ristningsflata vender mot sør og er glattslipt og hard. Frå staden har ein vidt utsyn over Harvalandsvatnet, Bore- og Grudehøgdene mot sør og austover til "Julabygda" i Sandnes.
 

Helleristninger like ved veien på Garshaug
Helleristninger fra Garshaug
Noen av de flotte helleristningene på Kråkhaug
Helleristninger fra Kråkhaug
Eitt av skipa på dette feltet vart oppdaga i 1959, men det var først etter ei nærmare gransking i 1964 at alle 16 figurane kom for dagen.Lengst finn vi tre skip og ein dyrefigur. Ser vi nøye, legg vi merke til at dei er teikna på ulikt vis desse båtane. På den nederste er skroget laga av to langsgåande linjer med tverrstrek imellom. Dessutan ser vi 15 strek oppi båten. Desse vert kalla mannskapsstrek fordi vi trur dei symboliserer menneske om bord. Skroget på skipet i midten har ei anna form, det same er tilfelle med det øverste der berre nokre få mannskapsstrek er synlege. Dyret har ingen hale, men lang, krum hals. Det er uvisst kva dyr dette skal forestille.

I landet vårt har vi ikkje funn av verkelege båtar frå bronsealderen. Difor er det vanskeleg å sei om dette er kopiar av båtar som var i bruk og om dei var laga av tre eller skinn. Eldste båtfunnet i Norden kjem frå Danmark, Hjortspringbåten frå ca. 300 f.Kr. (Kelter-tid). Denne er av tre og altså litt yngre enn helleristningane. Ser vi på biletet av denne båten og samanliknar legg vi merke til visse likskapar.

Om lag midt på berget ser vi ei ny gruppe figurar, eit skip øverst og fire eller kanskje fem menneskefigurar under. Figuren lengst til venstre er større enn dei andre, og held noko i handa si, kanskje ei øks. Hovudet hans trer ikkje tydeleg fram, det kan ha vitra bort. Knea er kraftige, og vi ser mennesket i profil. Dei tre eller fire figurane under ser vi frå framsida. Dei er teikna slik born ofte framstiller menneske.Lengst mot aust finn vi ei gruppe med fem skip, også desse har innbyrdes ulik utforming. Det vesle dyret ovanfor er merkeleg i forma. Kanskje er det ein hund? Linjene på Kråkhaugfeltet er ganske grunt hogde. Dette kan vi kjenne med fingrane våre. Bileta var vanskeleg å sjå før dei vart oppmåla. På alle figurane er nytta hoggeteknikk, såkalla prikkhogging. Vi vil gjerne prøve å forstå kva figurane skal tyde, men her blir det gissing. Hypotesane finn likevel støtte i t.d. samanliknande religionsforsking.Kvifor var skipet eit populært symbol? Og kva er meininga med menneskefigurane?

Sume stader, t.d. i Østfold, har ein helleristningsskip der eit rundt solsymbol er festa til ein lang mannskapsstrek. Difor har skipet blitt tolka som krafta bak sola, den himmellekamen som betydde så mykje for grøda og var med og skapte årstidene for nordboarane. Kanskje tenkte folk seg at sola sigla over himmelkvelven om bord i eit skip. og det var viktig for bonden å ha god kontakt med krafta som dreiv sola sin rundgang.

Skipet kan også ha vore viktig i bronsealderens handels- og samfunnsliv. Det viktige metallet, bronsen, saman med andre handelsvarer vart frakta til landet vårt i båt må vi tru.Menneskefigurane har vorte tolka slik: Den store figuren, som kanskje har halde ein heilag gjenstand i hendene, er kanskje ein gud som står med hendene retta framover og signar dei små menneska under. Dette kan ha vore to par. Figuren lengst til høgre har mannleg kjønnslem, ved sida hans står ein figur som kan vere ei kvinne. Figuren lengst til venstre er også mann, og ved hans side finst restar etter noko som opphavleg kan ha vore ei kvinne. Difor trur ein at dette kan vere ei bryllaupssene, eit symbol for ønskje om rik grøde (saml. vår skikk med St.Hans brud).

Helleristning frå Haga

Sist på 1800-talet vart ei skiferhelle med ristninger på gitt til Stavanger Museum av Grosserer Mons Monsen i Tananger. Hella skal ha vorte sprengd av ein større stein som låg tett ved Hafrsfjord på garden Haga. Steinen er 1,33 meter høg og nesten 1 meter brei. På øvre del er innrissa to skip, det Øverste er 76cm langt fra stavn til stavn, og forsvnt med 16 strek som vert kalla mannskapsstrek. Ein annan båten er av same slag, men noko utvdelagare då steinen her er nedsliten. Både over og under er ei rekkje så kalla skålgroper av ulik storleik. Vi trur desse ristningane har vorte laga i bronsealder.Om, det er kultskip eller bilete av bruksskip som er framstilt, veit vi ikkje sikkert.Den eldste trebåten som er funne i Norden er frå Danmark og er datert til Keltertid (500 f.kr.) Steinen er idag utstillt i Arkeologisk Museum i Stavanger.
 
Tilbake til historiske steder i Sola
Tilbake til forrige side