NAUST FRA FORHISTORISK TID OG MELLOMALDER
(kopiert fra et skoleopplegg utarbeidet av Arkeologisk Museum i Stavanger for skolene i Sola 1976/77)
Siden er laget av:Sola Historielag

Generelt

Vi kjenner alle nausta som vert nytta i dag. Grå og låge ligg dei der, ofte samla i grupper heilt nær sjøen. Også i dag har mange av dei eldste forstøtningsveggar av stein på langsidene. 

Nær desse nausta eller for seg sjølv, men alltid lenger borte frå sjøen ligg stundom restar etter andre naustanlegg. Dette viser at dei er så gamla at landet har heva seg ein god del sidan den tid dei var i bruk. 

Til naustanlegget høyrer restane etter huset som båten sto i. Dessutan eit båtopptrekk, oppbygd av steinheller, trelunner, eller sand og jord. Dette utgjorde glideflata ned til eit flatt, rydda område kalla båtstøa. Her landa båten og flata må då ha lege lågare enn middelhavstanden. 

Naustuftene er ofte mykje større enn dei nausta som står i. dag. Dei viser seg i terrenget som låge samanraste steinvollar, eller steinmurar. Ser ein godt etter legg ein merke til at tuftene som regel har krumma langveggar, slik at naustet har vore breiast midt på medan det smalna av mot endane. Eine gavlveggen (kortveggen) ser vi ikkje restar etter. Dette er på den sida som vender mot sjøen. 

Det er registrert ca. 250 båtnaust frå forhistorisk tid og mellomalder langs kysten av landet vårt, frå Vestfold til Troms. Dei fleste ligg på Jæren og nordover. Slike gamle nausttufter er også påviste ved større vatn og sjøar i innlandet. Til dømes kjenner vi eit stort eksemplar frå Mjøsa. 

Rogaland

I alt er det registrert kring 50 nausttufter frå forhistorisk tid eller mellomalder i Rogaland, men nokre er blitt fjerna den siste tida. 

Dei fleste grupperer seg på Nord-Jæren, særleg tett ligg dei kring Hafrsfjord.Klikk her for å få en liste over disse funnene på Nord-Jæren og et funnkart. (samme referanse nr.) 

Stundom ligg nausta samla i små grupper på to eller fleire. Vi kjenner nokre døme på at gravhaugar og gravrøyser ligg tett inntil tuftene (til dømes på Todnheim i Randaberg og på Nord-Sunde i Stavanger. 

Nausttuftene på Jæren ligg mellom 2,3 og 6,5 meter over havet. Ved Hafrsfjord ligg dei ganske lågt. Dette kjem seg avdi landhevinga ikkje har vore like stor over alt, på Sør-Jæren har den vore størst. Men er lendet flatt nedanfor tufta, kan avstanden til sjøen vere lang. 

Storleiken på tuftene er så forskjellig. Den største ligg på Sør-Sunde (ved Harfrsfjorden) og er heile 28,5 meter lang. Den minste, på Nord-Kolnes i Sola er berre 7 meter lang. Til samanlikning kan nevnast at det velkjende Osebergskipet som står utstilt i Oslo er ca. 21,5 meter langt. 

Fire naustufter er utgravde i Rogaland. Av desse låg tre på Nord-Kolnes i Sola og ei på Nord-Sunde. Vi kan difor seie ein del om korleis nausta har sett ut. Funna fortel kor gamle, nausta kan vere og kva slags aktivitetar som har gått føre seg der inne. 

På sume måtar minner nausta om langhuset frå folkevandringstida slik vi kjenner det frå Ullandhaug. Men som tidlegare nemnt har nausta krumma langveggar. Inne i huset på Ullandhaug kan vi sjå at kraftige stolpar langs veggane ber taket oppe. Slike har nok ikkje funnest i nausta for dei ville skape problem når båten skulle inn. Her har veggane måtta bere taket. Dei har vore bygde av stein med ein skallmur som fundament. Som regel har det nok vore ein vegg av tre på innsida, sett saman av ståande bord som vart gravde ned i bakken, eller falsa inn i ein stokk som låg på bakken. Dei boga veggene gjer at vinden får dårleg tak, og mange naust ligg i værharde strok. Tenkjer ein på båtens skap er forma på naustet naturleg. Døropninga trong ikkje vere større enn båten på det breiaste, men det må vere plass til å gå langs med på båe sider når båten var i hus. 

Mange ting vart funne i jordlaget inne i dei utgravde tuftene. Dette laget vert kalla kulturlaget og har bygd seg opp litt etter litt medan folk nytta naustet. Det kan vere opp til 15 cm tjukt. Funna fortel oss at naustet har vore nytta til andre sysler enn berre oppbevaring av båt. Her finst mengder av keramikkskår, sume med vakkert mønster, fiskekrokar, knivar, spikrar, naglar alt av jern, bryne, bark restar etter tretiner, tettningskitt og kleberkar. Slagg, avfallsproduktet etter jernframstilling, vart også funne, forutan meir sjeldne prydsaker som perler av glas og stykke av rav. 

Funna viser at dei utgravde tuftene har vore i bruk i periodar innanfor tidsrommet mellom 300 og 1000 e.Kr. 

Allsidig verksemd har funne stad i naustet. På golvet finst eldstader der vi må tru det har vorte stelt i stand mat. Restane etter måltidet har vorte kasta på golvet. etter alt å døme har folk stått inne og reparert båtane sine. kanskje er det i denne samanhengen at jern har vorte bearbeidd. 

Mest talrike av alle funna er keramikkskåra. Vi trur at det vart produsert leirkar i stor stil i Rogaland i folkevandringstida. Den mest vanlege typen er dei såkalla spannforma leirkara . Truleg var dette eksportvarar som båtane ha frakta lange vegar til marknader i andre landsdeler. Men sume av dei sprøe kara vart knuste får dei kom så langt, og skåra vart liggjande att på naustgolvet. 

Nausttufta på Haga, Sola

Nausttufta ligg i skrånande lende ca. 10 m frå Hafrsfjord. Ho er orientert SSV-NNA, den opne gavlveggen vender mot sjøen. Eine langveggen held fram ca. 3,5 m i retning mot sjøen, kanskje har dette hatt samband med båtopptrekket. 

Tufta er 15,3 meter lang. Breidda midt på er 4,6 meter, mot endane smalnar det til ca. 4,3 meter ved kortveggane. Veggvollane er to meter breie og opptil 0,8 meter høge. Sume stader viser klart korleis muren har vorte lagd opp. Midt på bakveggen har vore ein inngang, dette er eit uvanleg trekk. 
 
Tilbake til historiske steder i Sola

Slikt tenkte man at  naustene så ut
Slikt tenkte man at  naustene så ut
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

En nausttuft på Nord-Kolnes under utgraving
En nausttuft på Nord-Kolnes under utgraving

 
 
 
 
 
 

 

Gardsnaust på Myklebust ved Tananger
Gardsnaust på Myklebust ved Tananger
 
 
 
 
 
 

 

Gardsnaust på Myklebust ved Tananger
Gardsnaust ved Myklebust