Sola i fortida
Siden er laget av:Sola Historielag
Sola kommune ligg nord på Jæren aust, sør og vest for Hafrsfjord. : Han grensar til Klepp i sør, Sandnes i aust og Stavanger i aust og nord. I havet i vest ligg det meste av det som finst av skjærgard utanfor Jærstrendene, og i Tananger finn vi den beste naturlege hamna på jærkysten. I motsetnad til dei sørlegare Jærkommunane, kjem ikkje så lite fast berggrunn i dagen i Sola, både på den lange halvøya Fjøreneset vest for Hafrsfjord og elles. Denne berggrunnen er for ein stor del omdanna grunnfjell med mykje lett forvitreleg glimmer og enkelte kalkgangar i, noko som gir næringsrikt og godt jordsmonn. Storparten av kommunen er likevel dekka av lausmassar, særleg av sandjordskarakter. Sett frå jordbruksmessig synsstad er kommunen såleis gunstig utstyrt frå naturen si side. Også fortidas Solabuar har visst å setja pris på dette. Sola er ein av dei rikaste kommunane i fylket med omsyn til forhistoriske funn og fornminne (t.d. gravhaugar,hellerisitningar,naust-tufter,hellerer og bygdeborger, og har i historisk tid hatt somme av dei største gardane i Rogaland. 

Kommunen har namnet sitt etter garden Sola på eit vidt høgdedrag ved rota av Fjøreneset. Tolkinga av namnet er uviss, men det høyrer heime i ei gruppe gardsnamn med a-ending - som vi har fleire av i Sola og på Jæren elles, m.a. Joa, Gimra ,Tjora og Tjelta - som kan gå langt tilbake i heiden tid, og som kanskje er med dei eldste gardsnanin vi i det heile kjenner. Dagens Sola kommune tilsvarer det som frå 1840 heitte Sola sokn i Håland herad. Av gardane i denne sokna høyrde dei fleste til det gamle Sola-skipreide, bortsett frå dei sju gardane søraust for Hafrsfjord (frå Stangeland til Grannes) som låg til Jåttå skipreide. Håland herad femnde og om Madla sokn som vart skilt frå som eigen kommune i 1930. Samstundes gjekk Håland ut av bruk som heradsnamn og Sola vart teke i bruk. 

Mennesket fann vegen til Sola alt i eldre steinalder (tida før ca. 3000 f.Kr.). Det var viltet i skogane og fisken i sjøen som trakk. I yngre steinalder (3000-1500 f.Kr.) vart jordbruket introdusert i Sola som så mange stader i Norge. Funn av oksar, sager og sigdar av flint fortel om det. Små flekker vart rydda i skogen, korn sådd og hausta og dyr slept på beite. I bronsealderen (1500-500 f.Kr.) har Sola vore eit av dei rikaste områda i landet. Solabuen handla til seg både ferdige bronseprodukt og råstoff. Dei rike gravene frå m.a. nordre Melhaug på Sola med bronsekniv, fra Sotejarlshaug på Jåsund med bronsesverd, frå Grimshaug på Rege med m.a. diadem, to armringar, tutulus og dolk av bronse, vitnar om eit overskotssamfunn med kontaktar sør-austover til dei rike bronsealderkulturen i Sør-Skandinavia. Det vert framleis gjort gravfunn i Sola som disse artiklene viser. (Stavanger Aftenblad

Sjølv ein funnfattig og gåtefull periode som keltertid (500 f.Kr.-0) har gitt funn i Sola, m.a. ei grav med leirkar og brende bein frå Grannes. Etter byrjinga av vår tidsalder tek gardssamfunnet til å veksa fram slik vi seinare kjenner det, og i Sola er mange og store gardar med ærverdige namn- Sola,Tjora,Haga,Jåsund,Sømme,Grannes,Myklebost osb. Ein gullbrakteat frå Joa og drikkehorn av glas frå folkevandringstida (400-600 e.Kr.) vitnar om framleis overskot, og frå vikingtida (900-1000 e.Kr.) ligg det føre m.a. ei fin kvinnegrav frå Jåsund med spenner og perler og ei rik mannsgrav frå Ølbør med våpen - øks, piler, skjold og kniv. To myntfunn frå Tjora vitnar om at Solabuen tok aktiv del i dei dramatiske hendingane i inn- og utland under vikingtida. På Sletthei vart det i 1866 funne 260 angelsaksiske og nokre irske, danske, tyske og bysantiske myntar frå ikring år 1000, og i 1874 vart det ikkje langt derifrå funne 14 norske sølvmyntar prega av Harald Hardråde (1046-1066). 

Den historisk mest kjende staden i Sola er Hafrsfjord der Harald Hårfagre kjempa det avgjerande slaget mot motstandarane sine i slutten av 800-åra. Mykje tydar på at Sola då var ein del av eit større sørvestnorsk rike. I tidleg mellomalder i alle høve frå i kring år 1000 var garden Sola sete for ei av Norges mest høgbvrde ætter.Den mest  kjente av ætta er Erling Skjalgsson, Rvgekongen, som fall i strid med Olav den heilage sør for Bokn like før jul 1028. Ein runekross frå Steglebakken i Stavanger fortel at Erling hadde prest. På Sola, på Tjelta og på Tjora har det stått og står det dessutan steinkrossar som vitnar om tidleg kristen påverknad. Alt på 1200-talet var Sola delt i tre sokner med kvar si kyrkje, ei på Håland, ei på Sola og ei på Tjora. Det var desse tre soknene som i 1840 vart slegne saman til eitt. 

Sola ser ut til å ha klart seg etter måten godt etter Svartedauen (1349-50) og i nedgangstida i seinmellomalderen. Nokre gardar vart også her lagde øyde, men dei fleste var i bruk gjennom heile mellomalderen, og anna var vel ikkje å venta for ei så sentral og god bygd. Sola har i første rekke vore ein jordbrukskommune. I 1888 skreiv Boye Strøm at det neppe var «noget andet af amtets herreder, hvor agerbruget har været af den betvdning som her. Det staar ogsaa paa et temmelig hoit trin og er i jevn og god frerngang». Husdyrhaldet var og ein viktig del av det gamle jordbruket. Ved sida av dette hadde Sola ikkje så lite fiske, både etter hummar og laks. Frå Tananager vart det drive ein del makrellfiske og i dei første tiåra av 1800 talet, fram mot 1840, slo vårsildfisket til i skjærgarden kring Rott. Då det tok slutt, heldt mange fram med å søkja til fisket på kysten lenger nord like til ut i 1870 åra. Frå 1880-åra vart det ein oppsving i vårsildfisket utanfor Sola att. 

Naturen la grunnlag for aukande folkemengd innan dåverande Håland herad, frå 863 i 1758, over 3204 i 1801, 1485 i 1825, 2220 i 1845, 2822 i 1865, 3077 i 1875 til 3338 i 1891. I 1971 var det i Sola kommune 9897. 

Det første heradstyret i Håland vart kalla saman i 1837 og valde losoldermann G. Monsen som sin første ordførar. I åra som har fare sidan det, er mange viktige saker blitt løyste. Vegar er blitt bygde, kyrkje og skular reiste. Den delen av Håland som låg nord for Hafrsfjord, vart etter lang strid skilt ut som eigen kommune i 1930 med namnet Madla: Resten fekk då namnet Sola. 
 
Tilbake til historiske steder i Sola

Regehaugen etter restaureringen i 1960
Nausttuft under utgraving før utbyggingen av Shell Rafineriet
De to gjennværende korsene på Tjora gamle kirkegård
Sola Ruinkyrkje før restaureringen
Slaget i Hafrsfjord en del av Sola's historie.
Bautastein på Helleland (Tjelta)
Det gjøres også nye funn som dette fra våren 200